Midlane skal bidra til eit aktivt og inkluderande studentmiljø gjennom alt frå sosiale arrangement og friluftsturar til teknisk utstyr for studentmedia.

Velferdsmidlane for hausten 2026 er no fordelte. Totalt fekk ni studentlag og -organisasjonar 110.000 kroner i denne tildelingsrunden. Også denne gongen var den samla søkjesummen høgare enn den tilgjengelege potten. Det tyder på eit aktivt studentmiljø med mange initiativ og stor vilje til å skape aktivitetar for studentane i Volda.

Dei som fekk støtte i denne runden, var: 
•    Natura
•    Den norske dokumentarfilmfestivalen
•    Volda Studentradio
•    Studentsamfunnet i Volda
•    Volda Bygdeungdomslag
•    Student-TV Volda
•    Studentklubben NJ Volda
•    Peikestokken studentavis
•    Volda Studentidrettslag (VSI)

Midlane skal støtte aktivitetar som allereie er i gang, eller bidra til å skape ny aktivitet i framtida. Mellom anna har Natura og Volda Bygdeungdomslag fått støtte til sosiale turar for medlemmane sine. Volda Studentradio og Student-TV i Volda har fått støtte til teknisk utstyr som er nødvendig for å drive aktivitetane sine vidare.

Studentorganisasjonane er opne for alle studentar. Du treng ikkje studere media for å vere med i Student-TV eller Studentradioen, og du treng ikkje vere friluftslivsstudent for å bli med i Natura. 

Nokre søkjarar fekk ikkje støtte denne gongen fordi organisasjonane ikkje var registrerte som studentorganisasjonar. Registrering er eit krav for å få tildelt velferdsmidlar. SiVolda og organisasjonskonsulenten ved Høgskulen i Volda kan hjelpe med registreringsprosessen.

Neste frist for å søkje velferdsmidlar er 1. februar. Studentar som vil engasjere seg eller finne aktivitetar i Volda, kan følgje med på aktivitetskalenderen på sivolda.no/kalender. Her kan både organisasjonar og privatpersonar leggje inn arrangement.