Studentsamskipnaden i Volda deler i vårsemesteret 2017 ut velferdsmidlar til desse:

Studentsamfunnet i Volda 35.000,-, Dokumentarfilm festivalen 20.000,-, VSI 20.000,-, Peikestokken 20.000,-, Animasjonsfestivalen 15.000,-,Studentradioen 12.000,-, ISU 8.000,- og KRIK 5.000,-.

Studentsamskipnaden i Volda deler ut slike midlar kvart semester. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2017.

I tillegg til dette får Studenttinget i Volda 50.000,- pr. semester til vidarefordeling til lag, og organisasjonar.

Veka 2017 har også fått sponsormidlar på 120.000,-.

Studentsamskipnaden i Volda vil med denne ordninga vere med å sikre eit breiast mogleg tilbod til studentane i Volda, stimulere dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet, og legge til rette for eit best mogleg velferdstilbod i Volda.