Om prosjektet

SiVolda har ønske om å endre eit området i tredje etasje på Rokken Studenthus til eit ope, tilgjengeleg og studentvenleg rom. I dag består området av kontor, eit konferanserom og lager. Målet vårt er å opne opp desse romma og skape eit stort, fleksibelt areal som kan romme mange ulike aktivitetar – og gjere studenthuset endå meir inkluderande og levande.

For at rommet skal bli best mogleg for studentane, vil vi ha med studentstemma i prosessen. Vi ser etter engasjerte studentar som har lyst til å bidra i planlegginga og utforminga. Dette er eit prosjekt for studentane, og derfor er det viktig at studentane får eigarskap til det.

Foreløpig har vi kalla prosjektet "Studentstova". Namnet seier noko om bruken av rommet, men vi er framleis i ein tidleg fase og tek gjerne imot innspel både til namn og utforming.
 

Ei berekraftig løysing

Berekraft er eit viktig prinsipp i prosjektet. Vi ønskjer å skape eit rom som kan fungere over lang tid og lett tilpassast nye behov utan store inngrep. Vi vil også gjenbruk av møblar og materiale som Studentsamskipnaden allereie har på lager. 

For at dette skal bli eit berekraftig prosjekt, må rommet spegle studentane sine behov og interesser. Difor ønskjer vi å ha med kreative studentar med sans for interiør og romutforming og funksjonalitet, til å bidra med gode idear og løysingar.


Kva kan rommet brukast til?

Vi ser for oss at rommet blir fylt med aktivitetar som spel, kreativt arbeid og lågterskel-tilbod, eller rett og slett blir ein hyggeleg stad der studentane kan møtast og vere sosiale. Det vil vere eit alkoholfritt område der viktigaste funksjon er sosial møteplass i eit areal som er fleksibilitet til mange typar aktivitetar både for enkeltstudentar og studentorganisasjonar. 


Vil du vere med?

Vi treng engasjerte studentar for å gjere denne visjonen til røyndom! Dersom du vil bidra, ta kontakt med prosjektleiar Sigbjørn Melvær – sigbjorn@sivolda.no.