• Tenk positivt! Vi må tenkje positivt for å yte vårt beste. Litt nervar før eksamen skal ein ha, det gjer oss skjerpa, men destruktive tankar og negativitet må bort.

  • Legg ein plan fram mot eksamen. Hugs å sett av tid til fri og hyggelege aktivitetar som gir deg energi og glede.

  • Få i deg nok, og næringsrik mat og drikke for å halde blodsukkeret oppe. Frukt og vatn er supert påfyll mellom måltida.

  • Ta deg tid til litt fysisk aktivitet. Gå ein tur ute i frisk luft eller ta deg ei lita treningsøkt. Fysisk aktivitet gir påfyll av energi, betrer konsentrasjonen og det meste føles enklare etterpå!

  • Få nok søvn! Legg deg og stå opp til same tid kvar dag. 

Ta gjerne turen innom studentrådgjevaren vår om du ynskjer fleire råd om korleis best meistre eksamen eller berre treng nokon å prate med. Meir om tilbodet her

Lykke til!