EKSAMENSBOOST
Treng du hjelp, motivasjon, eller berre ei pause frå eksamensstresset? 04.-08. mai er det Eksamensboost! Der får du alt dette, pluss litt til!
Tradisjonen tru arrangerer vi Eksamensboost i godt samarbeid med høgskulen. Dette er eit arrangement som skal vere med å bidra til ei god studie- og eksamenstid her i Volda. Det blir eit variert opplegg med både frukost, lunsjklatring, rettleiingsskranke, samtaletilbod, mat og prat, yoga, Mario Kart, og mykje meir.
Fysisk aktivitet
Det blir fire dagar med yoga. Der kan du få ei matnyttig pause som kan vere med på å løyse opp i spenningar eller roe ned nervane. Torsdag tek vi ei runde lunsjklatring i samarbeid med Sunnmørsk klatreklubb. Det er gratis for alle studentar, og SKK stiller med instruktør og utstyr du kan låne gratis. Torsdag køyrer Læringsverkstaden i gang HVO-meisterskap i Beat Saber + Mario Kart. Mange kjekke aktivitetar. Og alt er sjølvsagt heilt gratis!
Pause
Biblioteket har laga til fleire forskjellige pauseaktivitetar du kan gjere når det passar deg. Der kan du pusle, løyse sudoku, fargelegge, med meir.
Sjekk ut programmet
