Studentsamskipnaden i Volda er ein velferdsorganisasjon for vel 4000 studentar i Volda. Vi er ei sjølvstendig verksemd innan høgskulesystemet med ansvar for drift av mellom anna studentbustadar, kantine, kafé, barnehage, studenthus og sosial- og psykologisk rådgjevingsteneste. Vi har rundt 30 tilsette og ei årsomsetning på om lag 55 mill. kr.
Vi arbeider for at studentane i Volda skal ha ein så fin og trygg studiekvardag som mogleg.
 

Arbeidsoppgåver: 

•    Overordna ansvar for utvikling og gjennomføring av organisasjonens strategi, budsjett og mål 
•    Samarbeide tett med styret og legge til rette for styret sitt arbeid 
•    Ansvar for tenesteutvikling og forretningsmessig vidareutvikling av studentsamskipnaden 
•    Vidareutvikle eige leiarteam og organisasjonen
•    Skape eit motiverande arbeidsmiljø, sørge for tverrfagleg samarbeid og god samhandling på tvers av avdelingar
•    Gjere SiVolda sitt tenestetilbod synleg og tilgjengeleg for studentane 
•    Vidareutvikle relasjonar og sørge for god kommunikasjon og samhandling både internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartnarar
•    Sørge for god økonomistyring, og vere ein pådrivar internt og eksternt for å sikre gode resultat
 

Kvalifikasjonar:

•    Solid leiarerfaring 
•    Gjerne bakgrunn frå liknande eller kommersiell verksemd 
•    Erfaring frå leiing av kompleks og samansett verksemd
•    Høgare utdanning
 

Personlege eigenskapar:

•    Evne til å sette seg inn i og forstå SiVolda sitt organisatoriske særpreg som studentsamskipnad
•    Evne til å forstå og skape gode relasjonar til studentane, dei ulike studentorganisasjonane, Høgskulen i Volda og andre samarbeidspartar
•    Evne til å byggje organisasjonen vidare, og evne til å vere ein leiar som er tilgjengeleg, motiverande, samlande og lagspelar. 
•    Evne til å tenke framover, vere nyskapande og oppteken av berekraft
•    Ein entusiastisk, analytisk, strukturert og beslutningsdyktig leiar


Vi tilbyr

•    Ei stilling som gjev deg moglegheita ut til å arbeide strategisk i skjeringspunktet mellom forretning, politikk og studentengasjement. 
•    Leiing av eit kompetansemiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar, leiarar og studentar. 
•    Ein meiningsfull jobb som er med og betrar studentane sin kvardag
•    Gode pensjons- og forsikringsordningar
•    Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale 

Arbeidsstad: Volda

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Jenny Nystad, mobil 957 34 596, eller vår rådgjevar hos Capricorn AS, Rolf Klock, mobil 905 37 898

Søknad med CV sendast rolf.klock@capricorn.no

Søknadsfrist: 02.05.2023