Sosialt
Ein stor del av studietida handlar om å vere sosial. Hos oss kan du vere det heime! Vi har bustadar der du kan bu i kollektiv med 2-3 andre. Andre einingar har du rom med eige bad, men felleskjøkken saman med alt frå fire til 11 andre. Dette gjer det superenkelt å bli kjent med nye folk.


Variert
Vi har stor variasjon i studentbustadane våre her i Volda, alt frå hyblar, leilegheiter og kollektiv til familieleilegheiter og leilegheiter tilrettelagt for studentar med funksjonsnedsettingar. Bustadane er fordelt i forskjellige småhus, blokker og einebustader. Litt for ein kvar smak.


Sentralt
Frå alle våre bustadar er det kort veg til både høgskulen og sentrum. Du er ikkje avhengig av kollektivtransport eller eigen bil for å kome deg rundt i det daglige. Du kan gå til skulen, eller gå til Studenthuset Rokken på konsert. Null stress.


Trygt og forutsigbart
Vi er tilgjengelege kvar dag frå 9-15. Er det noko du lurer på, kan du ta kontakt. I kontortida har vi vaktmeistrar tilgjengeleg som kan hjelpe deg om noko treng å fiksast. På kveldstid og i helgene har vi eit vekterselskap tilgjengeleg som du kan kontakte om det er noko kritisk som ikkje kan vente til neste virkedag.

Det er forutsigbare kostnadar. Ingen av studentbustadane våre har depositum, og dei fleste har også inkludert straum, så dei pengane kan du bruke på noko gøy!

Parkering
Har du bil? Vi har mange parkeringsplassar tilknytt studentbustadane, så det er null problem. I tillegg er det kort veg til både høgskulen og sentrum, så du treng ikkje bruke bil i det daglege.


Treng du nokre bonusgrunnar for å bli overbevist?
Kvitevarer inkludert! Vaskemaskiner og tørketromlar tilgjengeleg for alle som bur hos oss. Kjøleskap, komfyr, til og med oppvaskmaskin!

Kom du ikkje inn på studiet? Ingen problem! Du kan kansellere kontrakta di innan 31. juli.  

Fekk du ikkje førstevalget når du søkte? Ingen problem! Du kan internflytte til ein annan SiVolda-bustad utan oppseiingstid!