Frukosten vil bli servert i tidsrommet 09.00–11.30 måndag-fredag og bestå av graut, ei frukt og kaffi.
Alle studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) er hjarteleg velkomne.
– Vi vil gjerne legge til rette for ein sosial møteplass for studentar, innanfor trygge rammer, og trur dette kan bli det. Kanskje kan det også gjere det litt enklare å strukturere kvardagen for studentane. Vi gler oss til å sjå fleire studentar på høgskuleområdet igjen, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.
Ein «boost»
Det er høgskulen, Studentsamskipnaden i Volda og Studentparlamentet i Volda som står bak dette initiativet. Dei håper at frukosten kan vere med på å bidra til at studentane nyttar seg meir av høgskuleområdet og får ein ekstra «boost» til å kome på høgskulen om morgonen, både for å vere sosiale, men og kome i gang med det faglege studiearbeidet.
Trygt og godt
Prorektoren kan forsikre om at det skal vere trygt å kome til frukost på høgskulen og at smittevern står i høgsetet.
– Smittevernet i kantina er tatt godt hand om, med både utplasserte handspritdispenserar i kantineområdet og god plass i kantineområdet til å sitje ned og slå av ein prat med ein medstudent med ein meters avstand, som er anbefalinga, seier Tonheim.