Introkurs havkajakk er eit kurs der du blir introdusert til kajakk og utstyr ved hjelp av ein sertifisert instruktør. Kurset har som mål å motivere for vidare padling, og at du har blitt kjent med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Etter gjennomført kurs vil du også få utdelt våttkort, som ofte krevast dersom du skal leige utstyr på eigenhand. Kurset er eit perfekt utgangspunkt for dei som kunne tenkt seg å lære meir om padling, bli kjent med padlemuligheitene på Sunnmøre, og ikkje minst ei fin muligheit til å bli kjent med nye folk.

Inkludert:
Kajakk, åre, vest og sputtrekk
Tørrdrakt/våtdrakt
Instruktør

Ta med:
Drikke & snacks til 4 timar ute
Ullundertøy
Ekstra skift
Sko som kan bli våte

Onsdag 20. oktober - FULLT!
Torsdag 21. oktober - NY DATO 26.10. FÅ BILLETTAR!

Oppmøtestad: Årneset (møt 15 min før)
Vi gledar oss, og håper at du melder deg på!

Ta kontakt om det er noko du lurer på.Påmelding her

Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt:
Sigrid@fjordnature.com
+47 481 500 91