Tildeling av bustad har no starta og vil halde fram heile sommaren.

Om du har søkt bustad hos oss vil du bli varsla med SMS om du får eit bustadtilbod. Då det kan oppstå feil ved sending/mottak av SMS, er det viktig at du sjekkar Boligtorget med jamne mellomrom etter søknadsfristen. Det er ditt ansvar å halde deg oppdatert på om du er tildelt kontrakt og halde akseptfristen.

Etter hovudtildelinga vil vi starte tildeling til dei som søkte etter søknadsfristen, og då er det "først-til-mølla"-prinsippet som gjeld.

Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel. Vilkår for kansellering finn du her.  

OBS! Merk deg at søknaden har ein "aktiv til"-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden automatisk deaktivert, og du må difor sjølv sørge for å fornye "aktiv til"-datoen på Boligtorget. (Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista).