Det opnast opp for å få tilskot der det er eit generelt behov for rehabilitering for å oppgradere eksisterande studentbustadar til dagens standard. 

- Dette har vi kjempa for lenge. Rundt 50% av bustadane våre er av eldre dato og er modne for modernisering. Med dette tilskotet har vi moglegheit til å gi den eldre bustadmassen eit løft samtidig som vi held husleiga på eit nivå som studentane har råd til, seier administrerande direktør Rune Aasen

Dei nye retningslinjene vil ha stor betydning for studentbustadtilbodet i heile landet. Ifølgje Husbanken si oversikt er over halvparten av landets studentbustadar eldre enn 30 år, og meir enn 7000 av dei har behov for oppgradering innan 2030. Dei nye retningslinjene gjer det mogleg at fleire av desse bustadane kan oppgraderast med tilskot, framfor å rivast eller seljast.

- Her i Volda er store delar av bygningsmassen over 50 år. Det er kjekt at vi no har alternativ til å bygge nytt der det er formålstenleg, seier Aasen.