Du er ikkje garantert akkurat det du søkjer om, men er sikra ein plass å bu. Vi tildeler sjølvsagt ein av dei bustadane du har søkt om, dersom dei er tilgjengelege. Søkje etter 1. mai? Ingen problem! Men då gjeld vanlege tildelingskriterium

Vi har mange ulike studentbustadar, er du på jakt etter leilegheit eller vil bu i kollektiv med fleire andre? Vi har stor variasjon, alt frå hyblar, leilegheiter og kollektiv til familieleilegheiter og leilegheiter tilrettelagt for studentar med funksjonsnedsettingar. Bustadane er fordelt i forskjellige småhus, blokker og einebustader. Alle med kort avstand til høgskulen i Volda og sentrum.

Fordelar ved å bu hos oss? Ingen depositum, gratis internett, det er sosialt, du kan bu saman med venner, det er enkelt å flytte internt om du ikkje fekk bustaden du ville ha, parkering, ordna former med kontrakt, og vaktmeisterteneste.

Les meir om bustadtilbodet vårt på Bustad-kategorien, eller gå inn på sivolda.unialltid.no for meir informasjon om dei forskjellige bustadane.