Her er eit utdrag av det ordførar Sølvi Dimmen sa når ho overrekte miljøfyrtårnskiltet til Jan Harald Eikenes, leiar mat og drikke i Studentsamskipnaden i Volda:

 

«Kantina hos Studentskipnaden i Volda

Miljøfyrtårn er ein nasjonal ordning som skal hjelpe verksemder med å redusere miljøbelastning, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. Volda kommune er stolt over verksemder i kommunen som blir sertifiserte.

 

For å bli Miljøfyrtårnsertifisert må ei verksemd møte ein rekke krav tilpassa sin bransje, aktivitet og drift. Og så vel ein ut nokre fokusområde som prioriterast.

 

Kantina hos Studentskipnaden i Volda har mellom anna mål og tiltak for miljøvennlege løysingar innan avfall og eingongsemballasje, bruk av kjemikaliar, redusert matsvinn og avfall, og auka straumforbruk. For å måle utviklinga har de rutinar for innsamling av data på desse områda. Volda kommune anerkjenner det arbeidet de gjer og ønskjer lukke til vidare med miljøarbeidet.»

 

også representert på første biletet er Rune Aasen, Adm.direktør, Studentsamskipnaden i Volda.