Kvar kan eg hente nøkler? 

I resepsjonen hos SiVolda i Elvegata 24. Våre opningstider er måndag-fredag frå 09:00 -15:00.  

Om du ikkje har moglegheit innanfor opningstidene må du kontakte oss på epost i god tid på førehand. 

 

Når skal eg betale husleige?

Husleige vert vanlegvis fakturert i starten på kvar månad, med forfall den 15. Unnatak: August-leiga vert fakurert seinare. Når vi har fakturert vil du få melding, og du vil finne fakturaen ved å logge deg inn på DIN SIDE.

 

Når skal eg betale despositum? 

Det treng du ikkje, vi har ikkje depositum.

 

Kva finnes av utstyr/inventar i bustaden?

Hybel: Rammemadrass, bokhylle, skrivebord, skrivebordsstol, skrivebordslampe, klesskap, søppelbøtte. På felleskjøkken er der komfyr og kjøl/fryseskap. Fellestue har sofa og sofabord. 

Leiligheit: Sofa, sofabord, bokhylle, kjøkkenbord og stolar (i enkelte leiligheiter), skrivebord, skrivebordsstol, skrivebordslampe, kombiskap( kjøl/frys), komfyr, klesskap, rammemadrasser, søppelbøtte. 

NB! Alle må sjølv ta med: kjøkkenutstyr, dyne/pute/sengetøy.