Kantina

Kantina har feriestengt frå laurdag 11. april og opnar igjen tysdag 22. april.

Bustad

Resepsjonen har vanlege opningstider måndag og tysdag. Onsdag stenger vi klokka 13.00 og held stengt til og med måndag 21. april.

Feilmeldingar på bustad leggast inn på di side som vanleg.

Dersom det oppstår noko som må reparerast/ha tilsyn snarast utanom vår ordinære opningstid:
Kontakt vaktselskapset Safe24 på tlf. 700 79 000.

Helse

Studentrådgjevarane er vekke frå torsdag 10. april og er tilbake igjen tysdag 22. april.

Treng du nokon å snakke med i sommar?

Vi veit at feriar og heilagdagar kan vere ei utfordrande tid for mange. Har du behov for å snakke med nokon i sommar, finnast det fleire som kan hjelpe deg. Her er nokre av dei:

  • Mental Helse, hjelpetelefon: 116 123
  • Kirkens SOS, krisetelefon: 22 40 00 40
  • Røde kors for barn og ungdom: 800 33 321

Eventuelt kan du gå inn på www.sidetmedord.no som er nettenesta til Mental Helse. Der kan du sende inn ei anonym melding og får svar frå ein av rettleiarane deira innan 24 timar. Inne på Sidetmedord.no har du også muligheit til å delta på ein anonym chat. Chatten er open døgnet rundt. Der er du i direkte kontakt med ein av rettleiarane deira.

Studenthuset Rokken

Studenthuset Rokken er stengt frå søndag 13. april og opnar igjen med 20-årsjubileum 22. april.

Rokken Café

Rokken Café er stengt frå og med torsdag 17. april og opnar igjen tysdag 22. april..

Barnehage

Røysmarka studentbarnehage er stengt frå onsdag 16. mars og opnar igjen 22. april.