Både bilen til kantina og eine bilen på driftsavdelinga var klar for utskifting i haust. Vi såg då anledninga til å få kutta litt i klimautsleppa våre og ta steget nærmare ein heilelektrisk bilpark. Vi har framleis nokre bilar att som er hybrid og fossilbilar, desse vil bli bytta ut når dei ikkje kan brukast til formålet meir. 

Vi håper dei nye elbilane bidreg til mindre lokal forureining ved studentbustadane, på høgskuleområdet og i Volda generelt. Og sjølvsagt også til eit betre globalt klima.