Saknar du ei stove?

Kanskje du har lyst å ha spelkveld med nokon vennar, eller kanskje ein filmkveld er meir di greie, men studenthybelen er for liten? Look no further!
Heltnestova
Vi har pussa opp eit leikerom på Heltne E, og gjort det om til ei stove du kan låne, heilt gratis! Heltnestova er eit tilbod til alle som bur hos oss. Den har plass til ca 12 personar og er eit alkoholfritt område.
Der er to store sofaer, stolar, sakkosekkar og nokre spel de kan bruke. I tillegg er der ein 75" TV der du kan logge på strøymetenestene dine for å sjå film eller seriar, og har du ein spelkonsoll kan du kople til denne og spele med venner. Der er lagt opp internettkabel, HDMI og USB-C kabel for tilkopling av bærbar eller spelkonsoll, så det skal vere plug and play.
Stova er inn samme gangen som badstova, og du finn eit toalett om du går vidare inn i gangen til badstova. Der står også støvsugar og vaskeutstyr så du kan gjere reint etter deg når du har lånt stova.
Porsestova
Dette er ikkje einaste studentstova vi har, vi har tidlegare laga til ei slik stove i underetasja på Porse. Denne stova har også eit kjøkken med komfyr og oppvaskmaskin, så om du vil lage mat saman med venner, eller får familie på besøk og kan tenke deg å samlast, er dette eit alternativ. Dette er også eit alkoholfritt område.
Vil du booke ei av stovene? Bruk lenka under. Tingar du ein fredag, gjeld reservasjonen din heile helga. For bookingar same dag, ta kontakt med oss på 70 07 52 40, kom innom skranka eller send e-post til post@sivolda.no.
NB! Nøklar må hentast i resepsjonen mellom 13-15 same dag du skal bruke stova. Og nøklane må være inne før 12:00 dagen etter.
Stovene må vaskast over etter bruk. Dei blir sjekka av oss.