Undersøkinga vert sendt ut 10. februar, men du kan svare heilt fram til 10. mars. Resultata blir publiserte i september. SHoT er ein av verdas mest omfattande undersøkingar av studentar si helse og livssituasjon. Den vart etablert i 2010, og har sidan blitt gjennomført kvart fjerde år. Undersøkinga har vore sentral i å setje studentane si helse på dagsorden. 

Målgruppa for SHoT 2026 er alle norske studentar heiltids- og deltidsstudentar, fleksible studieløp, samt norske studentar i utlandet ved universitet, høgskular og fagskular. Den førre ordinære undersøkinga, SHoT 2022, hadde nærare 60.000 respondentar. 

- Funna frå SHoT-undersøkinga set dagsorden og er styrande for kva prioriteringar politikarane, utdanningsinstitusjonane og vi i samskipnadane gjer. Der er difor viktig at så mange studentar som mogleg svarar for å gi undersøkinga den tyngden og truverdigheita vi treng for å møte studentane sine ønsker og behov framover, seier styreleiar i SHoT, Trond Morten Trondsen. 

Undersøkinga eigast av studentsamskipnadane SiT, Sammen og SiO, og distribuerast via Helsenorge. SHoT gjennomførast i samarbeid med Folkehelseinstituttet, finansierast av Helsedirektoratet og har frå 2025 fått fast post på statsbudsjettet.

Formålet med SHoT er å gi beslutningstakarar, utdanningsinstitusjonar, studentsamskipnadar og andre velferdsaktørar eit solid og heilskapleg kunnskapsgrunnlag for å utvikle treffsikre tiltak som styrkjer studentar si helse, trivsel og læringsmiljø.

Undersøkinga dekker eit breitt spekter av tema, mellom anna:

  • Psykisk og fysisk helse
  • søvn og livsstil
  • livskvalitet og einsemd
  • bustad og økonomi
  • trakassering og mobbing
  • alkohol- og rusbruk

I SHoT 2026 blir det også introdusert nye tema, mellom anna studentar sin bruk av og haldningar til kunstig intelligens, samt "mattering" eit psykologisk omgrep som skildrar opplevinga av å vere betydningsfull for andre.

SHoT-data har til no danna grunnlag for over 70 publiserte forskingsstudiar. Etter samtykke frå deltakarane kan data også koplast mot sentrale register, noko som gir unike moglegheiter for forsking og kunnskapsutvikling innan studenthelsefeltet.