Skal DU arrangere noko?
Endeleg har vi fått på plass ein kalender der du som student, studentorganisasjon eller studentlag kan legge inn arrangement!
Det er ofte vanskeleg å få med seg alt som skjer i Volda. Vi prøver å få samla studentaktiviteten som skjer her i Volda på ein plass. Og du kan sende inn ditt arrangement! Fyll ut skjemaet på nettsida vår, så kjem det til godkjenning hos oss før publisering. Då kan du sjå alt det gøye som skal skje framover på EIN plass. Vi har alt fått inn fleire gjentakande arrangement som skjer kvar veke: Badesøndag, KRIK-trening og løpelaget Volda. Har du ein idé til eit arrangement du vil teste ut? Få det inn i kalenderen, så skal vi få det ut til folket.