Bakgrunnen for dette er svak økonomi for kaféen  gjennom mange år og at ein heller vil nytte  lokalet til andre former for studentvelferd. Det har vore to personar i heil stilling tilsette i  kaféen. Begge desse er oppsagt frå 1.10. Konsertar, andre studentarrangement og aktivitetar vil ikkje verte råka av nedlegginga. 

Rokken Café vart opna som ein del av studenthuset Rokken i 2005 og har vore i drift kontinuerleg fram til no. Den økonomiske del av drifta har vore krevjande, og spesielt dei siste åra har det ikkje vore økonomisk forsvarleg drift. Studentsamskipnaden har difor i dialog med Studentsamfunnet i Volda avgjort at ein ikkje vil halde fram kafédrifta, men nytte lokalet til andre direkte studentretta aktivitetar.

Frå 1.1.2027 vert også aksjeselskapet som driv studenthuset lagt ned og den juridiske drifta av studenthuset vert vidareført som ei avdeling i SiVolda og med Studentsamfunnet i Volda som enno meir aktive og ansvarlege i den daglege drifta enn før. 

– Det er på ein måte vemodig å legge ned kaféen, men samskipnaden kan ikkje halde fram med å dekke underskot i ei kafédrift som ikkje i stor nok grad vert nytta av studentane. Så i samsvar med strategien, vår set vi studenten i sentrum og vil nytte alle ressursane våre på studentvelferd, seier adm.dir. i Studentsamskipnaden i Volda Rune Aasen.