Vi ber alle som får påvist korona og som bur hos oss om å kontakte oss på tlf. 70075240.

Du kan ikkje vere i isolasjon i SiVolda-bustader der du deler bad eller kjøkken med andre. Volda kommune vil sørge for at du har ein stad å vere i isolasjon. På FHI sine sider finn du dei gjeldande reglane for korleis gjennomføre karantene og isolering.

Hugs å følge dei gjeldande smitteverntiltaka!

Lurer du på noko rundt koronasituasjonen, kan du finne svar på regjeringen.no - spørsmål og svar om koronasituasjonen.

Vaksinering
Volda kommune har drop-in vaksinering kvar torsdag i januar kl. 14.00-19.00. Dei oppmodar om at flest mogleg bestiller time for å få betre oversikt og spare tid vaksinedagane. Les meir her: https://www.volda.kommune.no/beredskap/vaksinasjon/koronavaksine/