I anledning jubileet hadde vi fest i barnehagen med barnehagebarna, foreldre, tidlegare tilsette og andre inviterte. Det var natursti, ansiktsmaling, lykkehjul, tombola, song og dans frå borna, kake, saft og kaffi. Sjå bildekarusell frå feiringa nedst i artikkelen.

Ei av dei som møtte på jubileet var tidlegare styrar, Sigrid Aasen Lødemel. Ho var styrar i barnehagen i over 30 av dei 50 åra den har eksistert - nemleg frå 1984 til 2015. I høve feiringa skreiv ho ei kort oppsummering om organiseringa av barnehagen fram til ho gjekk av i 2015. Den kan du lese her:

Heltne barnehage var forløparen til Røysmarka studentbarnehage. I 1975 var ivrige foreldre pådrivarar for å få starte barnehage i ei av studentblokkene på Heltne (bruk av to leilegheiter). Det var på denne tida få barnehageplassar i Volda og studentane hadde ynskje om eigen barnehage. Plan over arealet vart lagt fram for godkjenning og barnehagen vart godkjend som ordinær barnehage for ei avdeling med 19 barn i alder 3-7 år. Stiftelsen studentheimane i Volda v/Velferdsekreteriatet tok etterkvart på seg å drive barnehagen. Den første barnehagelova kom også i 1975. Den har blitt erstatta fleire gongar seinare. I 1986 vart barnehagen utvida med ei avdeling 0-3 år. Denne hadde opphald i naboblokka med fellesareal ute.

Dette var første steget for å få starte barnehage, og ynskje vart meir etter kvart å få ein betre brukarvennleg barnehage med betre tilpassa inne- og utemiljø for både små og store. Frå 1988 var velferdsapparatet omorganisert etter samskipnadmodellen og Studentsamskipnaden for Sunnmøre vart skipa. Det vart lagt meir på studentvelferd på fleire plan, mellom anna barnehage.

Studentsamskipnaden byrja kring 1990 å orientere seg for å skaffe betre barnehagelokale. Foreldra var sterkt engasjert. Kommunen var hjelpsam med å skaffe tomt, og plassering på Røysmarka vart midt i blinken. Det vart søkt om godkjenning og planane vart effektuert i rekordfart. Til haustsemesteret 1991 var barnehagen innflyttingsklar og dermed vart namnet skifta til Studentbarnehagen i Volda, og seinare Røysmarka studentbarnehage. Barnehagen vart godkjend for to avdelingar 3-7 år. (1997 kom reform -97 då 6 åringane starta på skule).

I 1992 vart barnehagen utvida med ei småbarnsavdeling lokalisert til Porse studentheim p.g.a. stor etterspørsel etter barnehageplassar for alder 0-3 år; i den tida det var lange ventelister i kommunen.

I 2010 starta prosessen med å få lokalisert all barnehagedrift til Kårstadvegen. Eit flott tilbygg sto ferdig hausten 2013. Barnehagen hadde trong for ei oppgradering med betre tilrettelagd personalavdeling, garderobe m.m. Ein hadde då betre høve å organisere avdelingane i høve til alder . og alle tilsette vart samla på eit plan. Volda hadde i 2013 full barnehagedekning og studentbarnehagen var framleis eit viktig velferdstilbod for studentar. Andre enn studentar får tilbod om plass ved ledig kapasitet.

Styrar i Røysmarka studentbarnehage fungerte også som barnehageansvarleg for fam.-barnehagen (drift frå 1995) som Studentsamskipnaden dreiv i studentblokka på Volsdalsberga. Seinare vart barnehagen flytta til eigna lokale nær høgskulen og drifta som ordinær barnehage med ei avdeling frå 2002; Fogdegården studentbarnehage. Den vart lagt ned sommaren 2015.

20.10.25

Helsing Sigrid Aasen Lødemel

 

Dei siste ti åra har barnehagen vore i kontinuerleg utvikling. Uteområdet er oppgradert med nye leikeapparat, og inne har avdelingane og fellesrom fått oppussing. Barnehagen er i dag ein to-avdelingsbarnehage med 29 plassar og eit mangfaldig barnefellesskap. Det har vore stabil leiing og personale, med tydeleg satsing på kompetanseutvikling, inkludering, barns psykiske helse, språk og leik. Barnehagen har teke del i nasjonale og regionale satsingar, styrkt samarbeid med kommune og høgskule, og tilpassa seg nye lovkrav, rammeplan og rutinar for kvalitet, tryggleik og overgangar.