Med ein bustadmasse der mange bygg er over 50 år gamle, er dette eit viktig løft for studentane. Dei nye bustadane vil gi eit moderne og framtidsretta butilbod som svarar på studentane sine behov.

– Dette er ei svært positiv nyheit for studentane våre! Vi ser at stadig fleire ønskjer seg eittromsleiligheiter med eige bad og kjøkken, noko vi i dag har for få av. No kan vi tilby eit bustadtilbod som møter studentane sine behov betre, seier styreleiar i SiVolda, Sindre Rabben Tronstad.

 

Eit viktig løft for studentane og Volda som studiestad

SiVolda har god bustaddekning, men store delar av bustadmassen er utdatert. Ei byggteknisk tilstandsanalyse frå Asplan Viak slo fast at totalrehabilitering av dei eldste studentblokkene ville bli dyrare og gje dårlegare løysingar enn nybygg, vi vil i prosessen vidare sjå på dimensjonering av bustadmassa totalt og fordeling mellom nye og gamle bustader.

Dei nye bustadane vil gi studentane eit meir fleksibelt og sjølvstendig bualternativ, samstundes som dei blir ein viktig investering i Volda som studiestad.

– Å velje studiestad handlar ikkje berre om fagtilbod, men òg om gode rammer rundt studiekvardagen. Med fleire moderne studentbustadar blir Volda endå meir attraktiv for framtidige studentar, seier nestleiar i SiVolda Tuva Bergersen.