Badstover og opphaldsrom for utlån
Vi lånar ut badstover på Porse B og Heltne E. Vi har også utlån av Porsestova, Heltnestova og Røysstova gratis til dei som bur fast med oss.
Badstover
Desse finn du i kjellaren på Heltne E blokka og i Porse B blokka (Inngang frå 1. etasje og ned i kjellaren).
Badstovene har god kapasitet med dusjar og store omkledningsrom. Beregn 0,5-1 time for oppvarming.
Heltnestova (27/3-25)
Stova finn du i kjellaren på Heltne E blokka.
Gode sofaer og stolar til ca 12. personar. 75" tv med ekstra internettkabel, HDMI og USB-C kabel for tilkopling av bærbar eller spillkonsoll. Logg på blant anna Netflix og Spotify for film eller musikk. Merk! Dette er eit alkoholfritt område. Støvsugar og vaskeutstyr tilgjengeleg.
Tilgang til toalett ved å gå inn første døra til badstova.
Røysstova (sommar-25)
Stova finn du i kjellaren på Røysmarka B bygget til venstre for vaskeriet.
Gode sofaer og stolar til ca 12. personar. 75" tv med ekstra internettkabel, HDMI og USB-C kabel for tilkopling av bærbar eller spillkonsoll. Logg på blant anna Netflix og Spotify for film eller musikk. Merk! Dette er eit alkoholfritt område. Støvsugar og vaskeutstyr tilgjengeleg.
Tilgang til toalett ved å gå inn døra vidare gjennom rommet.
Porsestova
Stova finn du i kjellaren på Porse B blokka med eigen inngang mot sentrum.
Porsestova er eit stort opphaldsrom med fullt utstyrt kjøkken inkludert komfyr og oppvaskmaskin. Er dokke fleire som vil samlast til spelekveld, felles måltid eller du får familie på besøk, er dette ein fin stad å samlast. Eige toalett. Merk! Dette er eit alkoholfritt område.
For tinging, ver venleg å bruk lenka under. Om du tingar ein fredag, gjeld reservasjonen din heile helga. For bookingar same dag, ta kontakt med oss på 70 07 52 40 kom innom skranka eller send e-post til post@sivolda.no.
NB! Nøklar må hentast i resepsjonen mellom 13-15 same dag du skal bruke stova. Og nøklane må være inne før 12:00 dagen etter. Stovene må vaskast over etter bruk. Dei blir sjekka av oss.
Vår kortlenke for booking er bit.ly/SiVolda