Låntakar er ansvarleg:
– for stova og er erstatningspliktig ved hærverk. Uhell og skadar skal meldast
til SiVolda snarast. Send bilder og forklaring til post@sivolda.no.
– for at det skal vere stille etter kl. 23 på kvardagar og kl. 01 fredag og laurdag.
– om Safe24 vert varsla pga. bråk. Gebyret vert fakturert og er pr. 01.26 på kr. 1350,-
– for å handheve forbodet om å nytte alkohol eller overnatte i TV-stovene.
– for å ha ei gyldig bustadkontrakt hjå SiVolda den perioda utlånet gjeld.
– for at born som oppheld seg i stova til ei kvar tid er saman med ein vaksen.
– for at lokala er rydda, møblar riktig plassert og ellers i orden etter bruk.
– for at søppel er tømt og kasta i rette avfallsbehaldarar ute.


SiVolda informerar om at:

  • Toalett, vaskeutstyr og støvsugar er tilgjengeleg, sjå eige oppslag på stova.
  • På Porsestova gjeld eigne reglar for bruk av kjøkken, sjå oppslag der.
  • Dørlåsen på stovene har loggfunksjon som registrerer passering.
  • Lever nøklane i resepsjonen før kl. 12 neste virkedag. Utlevering mellom kl. 13-15.