YKS Ung Opa Dansetrening
- 20maiKonsertsalen KaarstadbyggetYKS Ung
- Kultur
- Kurs
- Gratis
- Helse
YKS Ung Opa er eit gratis tilbod for ungdom og studenter over 15 år som vert drive av dansarane og koreografane May Stene Fossheim og Solveig Styve Holte.
Dansetreninga har fokus på improvisasjon, koreografi og komposisjon. Du treng ikkje å ha dansa før for å delta. Øvingane våre er i Konsertsalen på Kaarstadhuset på Høgskulen i Volda. Opa Dansetrening startar opp onsdag 11. mars og går kvar onsdag kl 19.-20.30 ut mai månad.
YKS Ung er eit talentutviklin og rekrutteringstiltak knytt til YKS- Ysteholen Koreografiske Senter. YKS Ung driv både kunstprosjekt der ungdom vert tilsett som utøvarar og Opa Dansetrening som er eit lavterskel gratistilbod. Opa Dansetrening drives med støtte frå Sparebank1 SMN og i samarbeid med Kulturavdelinga ved Høgskulen i Volda. YKS Ung ynskjer å gjere dansekunsten tilgjengeleg for alle uavhengig av betalingsevene eller forkunnskapar.
Vel møtt!