Søkjarane kan etter reglane få stønad på opptil kr. 10.000,- pr. semester.

Det kan søkjast om stønad til:

  • 40 % av nokre typar tannbehandling
  • Stønad til kjøp av briller. (Erklæring frå optikar må leggast ved - sjå skjema til høgre)
  • Kostnader til behandling hjå kiropraktor
  • Transport ved mellombels uførleik eller sjukdom
  • Andre særlege tilfelle.

Eigendel på kr. 1000 pr semester vert trekt frå uansett samla kostnad.

Viktig:

Søkjarane må lese helsefondet sine reglar for gjeldande søknadsperiode og være merksame på kva krav til dokumentasjon som vert krevd.

Søknadsskjema

Søkjarane må nytte eige skjema for gjeldande semester.

Søknadsfristar og handsaming:

Søknadane vert handsama i slutten på kvar månad. Siste frist for søknad på vårsemester er 15.06, og siste frist på haustsemester er 31.12. Absolutt siste frist for ettersending av dokumentasjon vi krev er 14 dagar etter søknadsfrist.

Utbetaling:

  • Stønad sendes via bank eller post. Kontonummer må vere fylt ut på søknaden.
  • Stønad under kr 100 vert ikkje utbetalt
  • Stønad som måtte bli tildelt på urettmessige grunnlag vil bli krevd attende.

Søknad helsefond


Kva studie går du på dette semesteret
Studentnummer ved HVO


Har du fått stønad frå helsefondet tidlegare i semesteret?
 

(maks 10 MB total filstørrelse)
(maks 10 MB total filstørrelse)