Helsetenesta tilbyr informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort.

Du får tilbod om:

  • Testing for seksuelt overførbare infeksjonar
  • Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
  • Gratis kondomar
  • Hjelp til å bestille legetime 
  • Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
  • Graviditetstesting

Helsesjukepleiar i Volda 

Helsesjukepleiar er tilstades kvar tysdag og torsdag kl. 14-16 og har kontor i underetasjen på Volda rådhus. Lege er til stades tysdagar kl. 14-16. Ingen timebestilling, det er berre å møte opp i trefftida. Tilbodet er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Volda, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen. Tenesta er for studentar i alle aldrar.

Har du spørsmål knytta til tilbodet, ta kontakt på telefon70 05 88 20