På dette kurset får du høve til å delta på kursøkter med tema sjølvkjensle, kosthald, ernæring og fysisk aktivitet. Vi skal også snakke om ytre og indre stress, og vegen din vidare. For dei som ynskjer vil det bli moglegheit for å nytte seg av kroppsanalyseverktøy i starten og på slutten av kurset. Ernæringsterapeut Ingeborg Tusvik Nupen vil gi deg gode verktøy til ein studiekvardag i bedre balanse - både psykisk og fysisk.

Kvar kursøkt vert halde på Kaarstad 208, kl.17:30 og varer i 1,5 time.
Kursdatoane er 27.10, 3.11, 10.11, 17.11, 24.11 og 1.12. Sistnemnde med litt kjensle av jul!
Kurset har plass til 40 deltakarar.

Hiv deg med, kanskje i lag med ein ven? Eller få nye vener på kurset! Du er varmt velkomen.

Kurset er gratis og støtta av Studentsamskipnaden i Volda.

Les meir om Ingeborg her: www.nupen-kostoghelse.com/meg/