Det er fellesvaskeri ved alle Studentheimane. Heltne, Porse, Myrane og Røysmarka har kontantkort som du får utlevert ved innflytting.

Dersom du mister kortet, må du gje oss beskjed slik at vi kan sperre det! Du må elles svare for all bruk av kortet så lenge det er ope. Kortet skal leverast inn ved utflytting. Manglande innlevering medfører gebyr.

Vaskemaskiner og tørketromlar kan berre nyttast mellom kl. 07:00 og 23:00 (unnateke Myrane, det er døgnope pga at vaskeriet er i eige hus).

Pris på vaskeriet er kr.12,- for ein vask og kr. 10 for ein tørk.

Det er diverre ikkje høve til å nytte eiga vaske-/oppvaskmaskin eller tørketrommel ved Studentheimane. Unnateke på studentheimane på Heltne C-011 og C-012 i Volda.

Lading av vaskerikort på Heltne, Porse, Myrane og Røysmarka:

  Lading av vaskerikort
   

  • Miele Logic brikker for berøringsfritt system får du i Elvegata 24 når du flytter inn.

  • Logg på vaskeriet på Heltne, Porse, Myrane via heimesida til Studentsamskipnaden med brukarnamn og passord.

  • Velg språk, engelsk eller norsk.

  • Velg  <konto/innbetaling>, her får du også automatisk opp bruken av kontoen.

  • Velg  <innbetaling til konto>,  deretter  sum på lista, her kan du også føre penger tilbake til privat konto når du måtte ønske det.

  • Gå til betaling, velg korttype:  Visa, Mastercard/Eurocard.

  • <reserver tid>funksjonen er for tida ikkje aktiv.

  • Du kan no gå til vaskeria og starte bruken ved å halde brikka på rett stad og velge program.

  • Bruksrettleiing for vasking og tørking finn du på veggen i vaskeria.

  • Du kan sjekke kontoen din til ei kvar tid ved å gå inn på nettsida, eller få utskrift via kvitteringsprinter på veggen i vaskeriet.

  • Om du mister brikka må du sjølv hente ut inneståande sum ved bruk av nettsida og passord.

  • Ny brikke og passord får du på vårt kontor mot eit gebyr.