Leige av båt
Har du lyst på ein båttur? Kanskje prøve fiskelykka?
Som student i Volda har du moglegheit til det:
Båten er tilgjengeleg mellom 01 mai og 15. oktober!
Du kan leige ein 15 fots plastbåt med påhengsmotor. Pris: 100 kr. pr. døgn og 150 kr. for ei helg.
Båten ligg klar ved flytebrygga i hamna i Volda sentrum i perioden 01. mai – 15. oktober.
Båten er sertifisert for maksimalt 5 personar.
Leigetakar pliktar å gjere seg kjent med korleis båt og motor fungerer. Førar må inneha båtførarbevis eller erfaring med båt og er kjent med reglane på sjø og i havna.
For meir informasjon, kontakt Studentsamskipnaden på 70 07 52 40.
Ein 15 fots båt med påhengsmotor ventar på friluftsinteresserte studentar ved hamna i Volda.
Rotevatnet
Vi har kanoar, SUP og robåt tilgjengeleg til gratis utlån i naustet ved Rotevatnet. Alle studentar tilknytt høgskulen i Volda kan låne desse gratis. Sjå meir og ting utstyr her
All bruk av båt skjer på eige ansvar!
Alle i båten skal ha på flytevestar.
(Voldsfjorden er open og vêrhard – sjekk vind- og vêrvarsel!)
Booking kan bli kansellert av oss.
Om du vil tinge til samme dag, må du ta kontakt med oss på 70075240.
Hent nøklar mellom 12-15 dagen du leiger. Lever nøklar før 12:00 dagen leiga opphøyrer.