Ein må ikkje låne utstyr for å nytte seg av området, det er fritt tilgjengeleg for alle, så du kan setje deg ned og nyte utsikta om du ynskjer det. Der er ei bålpanne som du kan fyre opp i om du vil ha bålkos eller grille ei pølse.
Om du vil booke utstyr, kan du bruke lenka under. Bookar du ein fredag, gjeld reservasjonen heile helga. Utlån av SUP, kano og robåt held stengt gjennom vinterhalvåret og opnar igjen når vêr- og tryggleiksforholda gjer det forsvarleg.
Vil du booke utstyr i dag? Då må du ringe oss på 700 75 240 eller sende ein e-post til post@sivolda.no.
Flytevestar er tilgjengelege i naustet. Merk: Det er lovpålagt å bruke vest i både båt, kano og SUP.
Viktig informasjon
Ta omsyn til vêrforholda, og ver merksam på at vêret kan endre seg raskt. Vi tilrår at du held deg nær land, slik at du lettare kan berge deg sjølv dersom det skulle oppstå ein situasjon på vatnet.
Dersom utstyr vert skadd, mista eller må etterlatast ein annan stad enn ved naustet, ber vi om at du gir beskjed om kva som har skjedd og kvar utstyret kan finnast att.
NB! Nøklar må hentast i resepsjonen mellom 13.00-15.00 same dag du skal bruke utstyret. Nøklane må vere inne før 12:00 dagen etter. Innlevering på kveld eller før 09:00 kan gjerast i postkassa utanfor vår hovudinngang.











