Heltne
Heltne Studentheim ligg 1,0 km frå HVO og 2,0 km frå sentrum. Av bueiningar finn du alt frå hybel til familieleilegheiter. Vi har også to leilegheiter tilrettelagt for studentar med funksjonsnedsettingar.
Alle einingar har uttak for internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysar på felleskjøkken og i familieleilegheitene. 2-7 personar deler felleskjøkken. Felles vaskeri. God parkeringsplass.
Her finst: 100 hyblar i dublett, 36 hyblar i fleksibel dublett, 15 hyblar i enklett, 21 2-roms familieleilegheiter, 2 3-roms famileleilegheiter, 6 små 2-roms leilegheiter, 1 kollektiv for 4 personar.
Dei 3 blokkene på Heltne studentheim vart bygd i 1975. Dei siste åra har blokkene på Heltne vorte renoverte og fått nytt møblement på alle hyblane.