Porse
Porse Studentheim ligg 0,5 km frå HVO og 0,5 km frå sentrum. Her finn du alt frå hybel til 2-roms leilegheiter.
Alle einingar har uttak for internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysar på felleskjøkken. Badstove m/dusj. 6-7 personar deler felleskjøkken. Felles vaskeri. God parkeringsplass.
Dei 2 blokkene på Porse Studentheim vart bygd i 1972, og er den eldste av studentheimane i Volda. Studentheimen vart rehabilitert 2002/03.