Rettleiing vaskeri
Det er fem fellesvaskeri ved Studentheimane våre. Du finn dei på Heltne B, Heltne D, Porse A, Myrane og Røysmarka B. Vaskeria vart oppgradert i februar 2025.
For å kome i gang gjer du følgjande:
Skann QR-koden på ditt vaskeri, og appen til Miele "AppWash" blir då knytt til dette vaskeriet. Følg vidare instruksjonane i appen.
Vaskemaskiner og tørketromlar kan berre nyttast mellom kl. 07:00 og 23:00.
Prisen er lik på alle vaskeria: Kr. 35,- pr vask inkludert tørk. Bruk av tørketrommel er gratis.
Det er dessverre ikkje høve til å nytte eiga vaske-/oppvaskmaskin eller tørketrommel ved Studentheimane, med unntak for Heltne C-011 og C-012.