Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er serviceorganisasjonen for studentar i Volda og skal ta seg av studentane sine velferdsbehov ved Høgskulen i Volda.

SiVolda er eit særlovselskap som er regulert i eiga lov med forskrift.

Saman med Høgskulen i Volda og studentane sjølve, skal vi vere med på å skape eit heilskapleg læringsmiljø og gjere studiebygda attraktiv for noverande og framtidige studentar.

Tilbodet som SiVolda har skal vere moderne, innovativt og framtidsretta. Tilbodet skal utviklast og endrast i takt med etterspurnaden i studentmassen.

 

VISJON

SiVolda skal sette studenten i sentrum.

MISJON

SiVolda skal gjennom eit godt velferdstilbod bidra til at Volda er ein attraktiv studiestad.

FORRETNINGSIDE

SiVolda skal tilby kjernetenester og produkt av høg kvalitet til konkurransedyktige prisar.

Overskotet av SiVolda sitt virke skal bidra til å sikre og vidareutvikle velferdstilbodet for studentane i Volda.

HOVUDMÅL

SiVolda skal vere nær, synleg, yte omsorg og vere gode på tilbod og service.

SiVolda skal ha gode og attraktive velferdstilbod som skal sikre ei spanande og meiningsfull studietid.

SiVolda skal ha ein økonomi og eit økonomisk resultat som sikrar gode ordningar for dagens og framtidas student.

SiVolda skal vere mellom dei studentsamskipnadane som har mest tilfredse studentar.

SiVolda skal vere eit supplement til offentlege og private tenester og ha eit godt tilbod innanfor:

Helse, mat, rådgjeving, sosiale tiltak, studenthus, trening og fritidstilbod.

 

SiVolda skal ha spesiell fokus på eit godt bu- og helsetilbod.

 

BUTILBOD

Ein trygg og triveleg stad å bu er ei av dei grunnleggande føresetnadane for ein god studiesituasjon.

SiVolda skal sette i gang og gjennomføre gode byggeprosjekt som sikrar eit differensiert og mangfaldig butilbod.

SiVolda skal tilby husvære til ei forsvarleg leige, med ein kvalitet og eit innhald som studentane etterspør.

SiVolda skal yte god service ovanfor våre leigebuarar.

SiVolda skal vere miljøbevisst og drive ein framtidsretta bustadpolitikk i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kommune.

HELSE

God fysisk og psykisk helse og trivsel er viktig for studentane og SiVolda skal ha tilbod om helsesøster, psykolog og studentrådgjeving saman med høgskule og vertskommune. Tilbodet skal vere eit supplement til det offentlege tilbodet. SiVolda skal tilby gode refusjonsordningar til studentar som har store utgifter til helse. 

KANTINE

Kantina som SiVolda driv er ein viktig møteplass på campus og skal ha eit innhald som tilbyr sunn og god mat til rimelege prisar. Kantinene skal følgje trendar og tilby studentar det dei etterspør.

 

BARNEHAGE

SiVolda skal med eigen barnehage medverke til at studentar med barn kan gjennomføre studia på normert tid, samstundes som vi medverkar til at utdanningsinstitusjonen når måla sine. 

 

PERSONALPOLITIKK

Motivert personale er SiVolda sin viktigaste ressurs.

SiVolda skal sørge for eit godt arbeidsmiljø som har kompetanse og serviceinnstilling som kjennemerke.

SiVolda skal ha leiarar og medarbeidarar som er innovative, kompetente, har handlekraft og er resultatorienterte.

 

Samarbeid

SiVolda skal arbeide tett opp mot studentdemokrati og studentorganisasjonar, utdanningsinstitusjon, vertskommune, fylkeskommune og departement.

Sjølv om SiVolda er liten, skal vi vere ein føregangssamskipnad og spele ei aktiv rolle i samarbeidet med dei andre studentsamskipnadane i Noreg.

SiVolda skal delta aktivt på andre arenaer der det er naturleg både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

 

INFORMASJON OG KOMMUNIKASJON

SiVolda skal ha tett og god kontakt med studentane og samarbeidspartane gjennom gode og moderne kommunikasjonstiltak.

SiVolda skal vidareutvikle nettsidene og vere aktive på sosiale medier.

 

INTERNASJONALISERING

SiVolda skal ha som mål å kommunisere både på norsk og engelsk på nettsider og oppslag.

SiVolda skal vere aktive overfor dei internasjonale studentane og ha god kontakt og dialog med internasjonalt kontor ved høgskulen.

Internasjonale studentar skal brukast som ein ressurs i studentmiljøet på same måte som dei norske studentane.