Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) er serviceorganisasjonen for studentar i Volda og skal ta seg av studentane sine velferdsbehov ved Høgskulen i Volda.
SiVolda er eit særlovselskap som er regulert i eiga lov med forskrift.
Saman med Høgskulen i Volda og studentane sjølve, skal vi vere med på å skape eit heilskapleg læringsmiljø og gjere studiebygda attraktiv for noverande og framtidige studentar.
Tilbodet som SiVolda har skal vere moderne, innovativt og framtidsretta. Tilbodet skal utviklast og endrast i takt med etterspurnaden i studentmassen.
VISJON
Studenten i sentrum.
MISJON
SiVolda arbeider for å styrke studentvelferda gjennom trygge bustader, helsetenester, kantine, barnehage og sosiale tilbod som fremjar trivsel og meistring i studietida.
FORRETNINGSIDÉ
SiVolda skal levere tenester innan bustad, mat, helse, barnehage og studentliv for studentane ved Høgskulen i Volda. Målet vårt er å skape ein trygg, inkluderande og støttande studiekvardag. Gjennom samarbeid, lokal forankring og fokus på studentvelferd skaper vi verdi for studentane. Overskotet skal sikre og vidareutvikle velferdstilbodet for studentane i Volda.
HOVUDMÅL
SiVolda skal vere nær, synleg, yte omsorg og vere gode på tilbod og service.
SiVolda skal ha gode og attraktive velferdstilbod som skal bidra til ei spanande og meiningsfull studietid.
SiVolda skal ha ein økonomi og eit økonomisk resultat som sikrar gode ordningar for dagens og framtidas student.
SiVolda skal vere mellom dei studentsamskipnadane som har mest tilfredse studentar.
SiVolda skal ha fokus på miljø og berekraft i alle ledd.
TENESTETILBOD
SiVolda skal vere eit supplement til offentlege og private tenester og ha gode tilbod innanfor: Bustad, helse, mat, rådgjeving, barnehage, sosiale tiltak og fritidstilbod.
BUTILBOD
SiVolda skal tilby trygge og trivelege plassar å bu gjennom eit differensiert og mangfaldig butilbod.
SiVolda skal tilby husvære til ei forsvarleg leige, med ein kvalitet som studentane treng og etterspør.
SiVolda skal vere fleksible, inkluderande, synlege og ha kort responstid.
SiVolda skal vere miljøbevisst og drive ein framtidsretta bustadpolitikk i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kommune.
SiVolda skal i planperioden modernisere deler av bustadmassen og planlegge dimensjonering for framtida.
RÅD OG HELSE
SiVolda skal tilby helse- og rådgjevingstenester saman med Høgskulen og Volda kommune gjennom m.a. Helsestasjon for ungdom og studentar, psykologteneste og studentrådgjeving.
Tilbodet skal vere eit supplement til det offentlege tilbodet.
SiVolda skal tilby gode refusjonsordningar til studentar som har høge utgifter til helse.
SiVolda skal ha ei aktiv rolle i velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda.
MAT OG DRIKKE
SiVolda skal drive kantine på høgskulen som tilbyr sunn, god og variert mat til rimelege prisar. Kantina skal vere ein attraktiv og viktig møteplass på høgskulen. Kantina skal vere nytenkande og følgje trendar og tilby studentar det dei etterspør.
SiVolda skal ha eit variert og velfungerande automattilbod på heile høgskuleområdet.
Kantina skal drivast berekraftig, både når det gjeld mattilbod og drift.
BARNEHAGE
SiVolda skal drive barnehage med eit ekstra studentfokus og medverke til at studentar med barn kan gjennomføre studia på normert tid. Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barnas behov og forutsetningar for å gi barna eit inkluderande og likeverdig tilbod. Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med Høgskulen og Volda kommune.
STUDENTLIV
SiVolda skal bidra til eit velfungerande og engasjerande fritidstilbod for studentane i Volda.
SiVolda skal i samarbeid med studentorganisasjonane skape gode sosiale møteplassar for kulturarrangement og andre fritidsaktivitetar.
Sivolda skal legge til rette for lågterskeltilbod utan alkohol, med fokus på inkludering.
SiVolda skal stimulere til stor aktivitet og frivilligheit, og støtte lag og organisasjonar med halvårlege tildelingar av velferdsmidlar.
SiVolda skal ha eit godt friluftstilbod for studentane, til dømes utlån av båt, naust, sauna og hytte.
ORGANISASJON OG SAMSPEL
SAMARBEID
For å tilby best mogleg tenester til studentane, skal SiVolda arbeide tett saman med studentdemokrati og studentorganisasjonar, utdanningsinstitusjon, vertskommune og andre det er naturleg å samarbeide med.
SiVolda skal delta i samarbeidet med dei andre studentsamskipnadane i Noreg.
SiVolda skal delta aktivt på andre arenaer der det er naturleg.
Sivolda skal vere ein viktig aktør som fremjar samspelet mellom studentane og lokalsamfunnet.
INTERNASJONALISERING
SiVolda skal ha som mål å kommunisere både på norsk og engelsk på nettsider og oppslag.
SiVolda skal vere aktive overfor dei internasjonale studentane og ha god kontakt og dialog med internasjonalt kontor ved høgskulen.
Internasjonale studentar skal inkluderast som ein ressurs i studentmiljøet.
ORGANISASJON OG PERSONAL
SiVolda skal ha ein organisasjonsstruktur godt tilpassa oppgåvene.
SiVolda skal ha motiverte, serviceinnstilte og utviklingsorienterte personale med rett kompetanse.
SiVolda skal sørge for eit godt arbeidsmiljø.
SiVolda skal legge til rette for nødvendig kompetanseutvikling.
INFORMASJON OG KOMMUNIKASJON
SiVolda skal ha tett og god kontakt med studentane og samarbeidspartane gjennom gode og moderne kommunikasjonstiltak.
SiVolda skal oppdatere og vidareutvikle nettsidene og vere aktive på sosiale medier.
SiVolda skal bruke studentinvolvering for å sikre at kommunikasjonen treff målgruppa.