Du kan søkje på bustad hjå oss gjennom heile året, vi har ikkje søknadsfrist. Søknadar for studieåret 22/23 vert behandla gjennom sommaren, fram til studiestart og vidare etter dette også. Det er altså aldri for seint å søkje. Om det går tid før du får svar på søknaden kan det skuldast at det ikkje er ledig på dei bustadane du har søkt og du står på venteliste. Det er lurt å legge inn så mange alternativ som råd. Om ditt fyrsteval ikkje er ledig akkurat no, er det mogleg å flytte internt hjå oss etter at du har flytta inn, om det skulle bli ledig. Bur du hjå SiVolda er det ikkje noko oppseiingstid om du vil flytte internt til ein annan bustad hjå oss. 

Du bli varsla med SMS når du får eit bustadtilbod. Det er ditt ansvar å halde deg oppdatert på om du er tildelt kontrakt og halde akseptfristen.

Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere kontrakta di om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel.Vilkår for kansellering finn du her (PDF, 18KB).  

OBS! Merk deg at søknaden har ein "aktiv til"-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden automatisk deaktivert, og du må difor sjølv sørge for å fornye "aktiv til"-datoen inne på din side hjå SiVolda. (Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista). 

 

Har du fått tildelt bustad og lurer på kvar du kan hente nøkkel og når? 

Vår resepsjon i Elvegata 24 er open mandag-fredag 09-15, det er her du skal hente nøkkel til din bustad. Om du kjem til Volda utanom våre opningstider må du gi oss beskjed i god tid. Du må gje beskjed skriftleg på e-post; post@sivolda.no. Vi oppmodar på det sterkaste at du planlegg å kome innanfor våre opningstider, slik at vi kan hjelpe deg om du har spørsmål.

Har du elles spørsmål vil vi gjerne høyre frå deg, så ta kontakt.

Velkommen til Volda og Studentsamskipnaden!