SfS har ei ordning der du kan få refundert eigendelar ved konsultasjon med lækjar og psykolog.

Gyldig kvittering er utskrift frå Helfo. 

Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av SfS. Vi tek atterhald om endringar i reglane og satsane.

Søknadsfrister:

  • Kostnader i haustsemesteret 15. januar
  • Kostnader i vårsemesteret 30. juni

 

Gyldig kvittering er utskrift frå Helfo.

Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av SfS. Vi tek atterhald om endringar i reglane og satsane.

Søknadsfrister:

- Kostnader i haustsemesteret 15. januar
- Kostnader i vårsemesteret 30.juni

 

REGLEMENT FOR HELSEKASSA
Reglementet vart fastsett av styret for Studentsamskipnaden for Sunnmøre i møte 26.01.99, med seinare revisjon av 16. august 2004.

§ 1 Alle studentar som har gyldig medlemsskap i SfS og barn under 16 år som studenten forsyter og bur saman med har rett til refusjon av eigendelar som må betalast i samband med sjukdom.
Helsekassa refunderer utlegg når summen av slike overstig 50% av eigendelen i folketrygda pr år pr medlem.

Ordninga følgjer kalenderåret, og refusjon vert utbetalt semestervis. Dersom akkumulert eigendel pr 15.juni ikkje overstig 50% av eigendelen til folketrygda er eventuell refusjon avhengig av akkumulert eigendel i haustsemesteret. Krav om refusjon med naudsynt dokumentasjon må leggast fram innan 15.januar for haustsemesteret og 30.juni for vårsemesteret.

§ 2 Helsekassa vert finansiert av semesteravgifta. Avsetjingane til helsekassa skal gjerast i samband med handsaminga av budsjettet. Samskipnaden er ansvarleg for moglege driftsunderskot i helsekassa.

§ 3 Helsekassa dekkjer

  • Eigendel av konsultasjon/behandling hjå allmennpraktiserande lækjar og spesialist.
  • Eigendel ved kjøp av medisin på blå resept.
  • Eigendel reiseutgifter påført kvitteringskort i samband med reise til og frå konsultasjon/behandling.

§ 4 Helsekassa dekkjer ikkje

  • Utlegg ved konsultasjon/behandling i utlandet.
  • Eigendelar ved konsultasjon/behandling utanom studieåret; i tida 15.juni - 15.august
  • Utlegg og eigendelar ved behandling hjå tannlækjar, fysioterapeut, kiropraktor og homøopat.
  • Kjøp av naturmedisin.
  • Utlegg til akupunktur behandling og helseattest.

§ 5 Ved krav om refusjon frå helsekassa må følgjande dokumentasjon leggast fram

  • Gyldig studentkort.
  • Dokumentasjon for forsytar tilhøva når kravet ikkje gjeld studenten sjølv.
  • Folketrygda sitt kvitteringskort.

§ 6 Dette reglementet tek til å gjelde 16. august 2004.