I 2005 opna Studentsamskipnaden i Volda studenthuset Rokken. Sidan den gong har Rokken vorte ei av dei store konsertscenene i landet. Alle dei store banda i Noreg har spelt på Rokken! Og scena vert meir og meir populær. Studenthuset har også den populære Rokken Cafe som er open på dagtid, samt at der er mange arrangement på kveldstid.

Studenthuset Rokken er organisert med ein dagleg leiar som einaste tilsett, der han har eit tett samarbeid med Studentsamfunnet i Volda som bidreg med frivillige til kveldsdrifta av huset. Dei frivillige får ei unik moglegheit til å bli kjent med både kvarandre og gjestar på kryss av studia. Dei får også mogelegheita til å opparbeide seg arbeidspraksis og gode referansar til seinare yrkesliv

Studenthuset Rokken: eigd av, drive av, og for studentar i Volda!

Les meir på Studenthuset Rokken si heimeside.