Velkomen til våre studentbustader!

Vi tilbyr husvære for einslege, par og barnefamiliar i Volda.
Kven kan søke?
Alle som søker om å bli studentar eller er studentar ved Høgskulen i Volda kan søke bustad hos oss.
Korleis søker eg bustad?
Søk bustad her eller last ned appen vår SiVolda Bolig. Appen finn du både i iOS og Android.
Kryss gjerne av fleire alternativ då dette kan auke sjansane for å få tildelt bustad hos oss.
Kvar kan eg lese om dei ulike bustadene?
Du kan lese om dei ulike studentheimane ved å velge "oversikt over bustader" i menyen. Du vil då finne ein kort presentasjon av alle bustadene våre i Volda. Sjå her for fullstendig informasjon.
Søknadsfrist
Vi har ikkje ein fast søknadsfrist. Tildeling skjer fortløpande.
Kva om eg ikkje får studieplass i Volda frå hausten av?
Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel. Du kan seie frå deg bustaden du har fått tildelt seinast 31.juli. Det gjer du ved å kansellere (PDF, 133KB)akseptert kontrakt.
Kansellere akseptert kontrakt?
Søknadsbehandling
Om du har søkt bustad hos oss vil du bli varsla viss/når du får eit bustadtilbod. Det er likevel viktig at du sjekkar dinside med jamne mellomrom etter søknadsfristen. Det er ditt ansvar å halde deg oppdatert på om du er tildelt kontrakt og halde akseptfristen.
Etter hovudtildelinga vil vi starte tildeling til dei som søkte etter søknadsfristen, og då er det "først-til-mølla"-prinsippet som gjeld.
OBS! Merk deg at søknaden har ein "aktiv til"-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden automatisk deaktivert, og du må difor sjølv sørge for å fornye "aktiv til"-datoen på dinside. (Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista).
Har du fått tilbod om bustad?
Sett deg inn i dette før du aksepterer leigekontrakten:
Vaskeri
Melde feil
Er vasken tett? Er noko øydelagt? Kontakt driftsavdelinga enkelt og effektivt gjennom dinside. For andre hendvendelsar kontakt SiVolda.