Rådgjevingsteneste for studentarRådgiver
I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Til studentrådgjevaren kan du komme med alle slags spørsmål og problemstillingar.

Psykologisk helseteneste 
Vi har i samarbeid med høgskulane inngått avtale med psykologar som står til rådvelde for studentane. Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av oss.

Helseteneste for studentar
Som student i Volda kan du nytte deg av tilbodet Helsesteneste for studentar. Her får du mellom anna informasjon om prevensjon, testing av klamydia, graviditetstesting og ein uformell samtale om kropp, helse og seksualitet. 

Helsekasse
Vi har ei ordning der du kan få refundert eigendelar ved konsultasjon med lækjar og psykolog.

Helsefond
Helsefondet skal kunne gje økonomisk stønad til studentar tilslutta Studentsamskipnaden i Volda som har studiet som hovedbeskjeftigelse, og som har uvanleg store kostnader i samband med helsa si.