Studenter spør

Spør anonymt, og få svar frå helsepersonell.
"Studenter spør" er ei spørsmål- og svarteneste frå fleire studentsamskipnader i landet. Den er også tilgjengeleg for deg som studerer ved Høgskulen i Volda. På nettsida kan du lese andre sine spørsmål relatert til helse, og svara dei har fått frå helsepersonell som psykologar, rådgjevarar, legar, fysioterapeutar, tannlegar og helsesjukepleiarar. Og du kan også stille eigne spørsmål.

https://www.studenterspor.no/

Skjerpa - lær studieteknikk og fokus

Denne appen passar for deg som slit med studenttilværelsens frie rammer og lange dagar aleine på lesesal. Vi er mange som slit med at vi utset i det lengste, og som kan trenge å øve på fokus eller sjølvdisiplin. Appen hjelp deg mellom anna med å bli bevisst på kvifor vi utsetter. Gjennom spel og oppgåver lærer du korleis du kan takle forventningar frå deg sjølv og andre. Last ned appen for å booste ditt eige forhold til prestasjon.

I appen får du mellom anna:

  • Kunnskap om prokrastinering, konsentrasjon og hjernen
  • Hjelp til å kartlegge og forbetre eigne vaner
  • Teknikkar for å bli mindre distrahert
  • Hjelp til å vere snillare med deg sjølv når det ikkje gjeng som du hadde håpa
  • Hjelp til å skape balanse mellom studier og fritid

Appen passar for deg som utset mykje, ynskjer betre studievaner og sunnare balanse mellom arbeid og fritid.

Last ned Skjerpa her

Mot - slepp sosial usikkerheit og sjølvbevisstheit

Det er vanleg å slite med sosial uro. Har du flytta for deg sjølv for fyrste gong og tykkjer det er utfordrande å ta kontakt med nye menneske? Kjenner du deg usikker i sosiale situasjonar? Hvis du, som mange av dine medstudentar, slit med korleis du skal etablere nye relasjonar i studietida, er dette appen for nettopp deg. I denne appen lærer du om korleis ein kan bli bevisst på kva som eigentleg skjer når ein kjenner på sosial uro, og om korleis ein kan øve på å bli mindre sjølvbevisst, og rette merksemda mot det som er nyttig og fint i livet og ved deg sjølv.

I appen får du mellom anna:

  • Kunnskap om sosial usikkerheit
  • Lære om korleis merksemda påverkar sosial usikkerheit og sjølvkjensle
  • Hjelp til å bli mindre sjølvbevisst
  • Øve på å rette merksemd mot det som er nyttig og fint i livet og ved deg sjølv
  • Teknikkar for å handtere ubehagelege tankar
  • Råd om korleis du kan slutte å uroe deg i sosiale situasjonar

Appen passar for deg som ynskjer å føle deg meir fri og trygg sosialt. Kanskje opplever du å ha utfordringar med ditt sosiale liv eller så ynskjer du å ta tak i ei indre sosial uro og plagsom sjølvbevisstheit.

Last ned Mot her

Lur - sov betre

Å vere student kan gå hardt utover søvnen - anten det gjeld seine kveldar over pensun, behov for å ta igjen tapt søvn i helgene, eller stor variasjon i struktur på dagane. I denne appen lærer du om korleis det vi gjer gjennom heile døgnet påverkar søvnen vår, og korleis du kan få ein betre søvn og føle deg meir opplagt i studiekvardagen. I appen kan du teste søvnvanene dine og gjere øvingar i det verkelege liv som du loggar i appen. Etter ei stund vil du kunne kjenne at du har meir overskudd til studiekvardagen og sove betre.

I appen får du mellom anna: 

  • Lære om korleis vanane dine spelar inn på søvnen
  • Kunnskap om korleis døgnrytma påverkar søvnen vår
  • Moglegheit til å teste søvnvaner og logge framgang i appen
  • Teknikkar for å stå opp i tide, ha meir energi på dagen og roe ned for å sovne lettar

Appen passar for deg som har utfordringar med søvn. Til dømes du som ofte har forskyvd døgnrytma di, forsøv deg, føler deg trøtt på dagtid eller ikkje får sove når du legg deg om kvelden.

Last ned Lur her

SLAPPA-app

Mange studentar kjenner på press og dårleg samvit. Då kan det vere vanskeleg å slappe av! Appen er ein "digitalt tilfluktsstad", både for deg som søkjer avspenning og for deg som treng ein liten støttespelar frå tid til anna. 

SLAPPA er ein labyrint av inntrykk og avspenningsøvingar, ulike måtar å slappe av på, vakre lydar og spanande teikningar. Vi håper den vil hjelpe deg å slappe litt av og få nokon pustepauser i studiekvardagen.

Last ned SLAPPA her

Tankevirus

Tankevirus er ein video-app, litt som Netflix eller nettspelaren til NRK. Skilnaden er at videoinnhaldet er skreddarsydd for at du skal få det betre med deg sjølv og gruble mindre. 

Her kan du laste ned gratis og nyttig tankevirus-app, godkjent av Helsedirektoratet

Last ned Tankevirus
 

Stressmestring

Stressmestring er eit digitalt sjølvhjelpsprogram for deg som plagast av stress og uro. 

Gå til stressmeistringsprogrammet