Hovudopptak: 1. mars. 
Utanom hovudopptaket tildelar vi plassar kontinuerleg ved ledig kapasitet. Vi har samordna opptak med Volda kommune. Det vil seie at alle foreldre/føresette søkjer gjennom eit felles opptak. Du kan finne meir informasjon og søke på Volda kommune sine nettsider.

Studentsamskipnaden i Volda(SiVolda) eig barnehagen. SiVolda skal medverke til at studentar med barn gjennomfører studiane sine samtidig som utdanningsinstitusjonane når sine mål. Har vi ledig kapasitet kan også andre enn studentar få plass hos oss.

Studentbarnehagane skal syte for at barn utviklar tryggleik på seg sjølv og sin identitet. Respekt og toleranse for andre er viktig. Barnehagane arbeider for å utvikle forståing og tryggleik mellom barnehage og heim.

Fakta om studentbarnehagane:

  • Pedagogar på alle avdelingane
  • Lang erfaring med å ta vare på studentbarn
  • Nettverksbyggarar for nytilflytta foreldre
  • Barnehagane ligg nær høgskulane og studentbustadane
  • Felles plan som m.a. stadfestar vårt verdigrunnlag

 

Livet i barnehagen

Tryggleik
Barndomen er ein livsfase med eigenverd  i likskap med andre fasar i mennesket sitt livsløp.  Barndomen er tid der leik og opplevingar, fantasi , kreativitet og undring gjev eit mangfald av alternativ. 

Samspel med andre menneske er avgjerande for barn si utvikling og læring. Personalet  møter barn på ein måte som formidlar respekt og aksept, tillit og tru.
   
Omsorg, glede og humor
Omsorg, glede og humor pregar studentbarnehagane sitt kvardagsliv. God omsorg styrker borna sine føresetnadar til gradvis å utvikle tillit til seg og andre, gode relasjonar og til gradvis å ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapet.

Leik og læring
Barnehagen skal gi barn høve for leik, livsutfalding og meiningsfylte aktivitetar i trygge og samtidig utfordrande omgjevnadar.  Borna sin leik skal alltid vere i fokus og vi har stor kunnskap om barn, barndom og leik.  Gjennom leiken lærer borna, dei får overskot, energi og glede.

Verdisynet vårt på barn og barndom har inspirert oss til å lage visjonen:

”barnehagane våre gir nærleik til omsorg, leik og læring”

Barnehagane arbeider for at foreldre kan føle seg trygge på at borna deira trivs og har det godt i barnehagen slik at foreldra kan konsentrere seg om studiane sine.  Vi har lang erfaring med å ta vare på studentane sine barn.

Våre barnehagar skal vere ein positiv medspelar i kvardagen til deg og barnet ditt.

Velkomen!