§ 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV

Eigaren av barnehagen er Studentsamskipnaden i Volda.
Studentbarnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande Lov om barnehagar.


§ 2.  FØREMÅLET MED BARNEHAGEN

Barnehagen skal vere ei pedagogisk tilrettelagt verksemd.

Barnehagen skal gi barn i førskulealder gode høve for utvikling gjennom leik og aktivitetar i nær forståing og i samarbeid med heimen til borna.
Barnehagen skal utarbeide eigen årsplan for verksemda som samarbeidsutvalet vedtek.  Årsplanen skal byggje på Rammeplan for barnehagen.

Barnehagen skriv årsmelding ved slutten av barnehageåret.


§ 3.  FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL

For å sikre eit godt samarbeid med heimane til borna skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet er samansett av foreldra / dei føresette til borna i barnehagen.  Samarbeidsutvalet er samansett av 2 repr. frå kvar av gruppene; foreldra  /føresette, eigar og dei tilsette i barnehagen.


§ 4.  OPPTAK

Ved å besøke SiVolda sine heimesider på internett; www.studentsamskipnaden.no vil ein finne m.a. søknadsskjema, søknadsfristar og prisar.

Opptakskrets:

Primær opptakskrets er studentar som betalar semesteravgift til Studentsamskipnaden i Volda, uavhengig av bustadkommune.

Sekundær opptakskrets er andre barn i opptakskommunen Volda.

Tertiær opptakskrets er barn frå andre kommunar.

Opptakskriterier:
 
Innanfor primær opptakskrets gjeld følgjande opptakskriterier:

Student med barn som fell inn under § 13 i Lov om barnehagar, skal ha særleg prioritert plass.
Student som har barn med særlege tilpassingsvanskar, sjukdom og /eller sosiale vanskar hos føresette eller andre i familien.
Samanhengande studieansiennitet ved høgskulen i Volda.
Einslege studentforeldre med forsørgjaransvar.
Ektepar/sambuarar som begge studerer ved høgskulen i Volda.

Innanfor sekundær og tertiær opptakskrets gjeld følgjande opptakskriterier:
 
Barn som fell inn under § 13 i Lov om barnehagar
Sysken av barn som har plass
Andre

SiVolda har samordna opptak med Volda kommune.
Opptaket av barn er delegert til styrar for barnehagen.  
Opplysningar om tilhøve det skal takast omsyn til ved tildeling av plass, må fylgje søknaden.
Der to eller fleire står likt, skal det takast omsyn til om barnet har sysken i barnehagen frå før.
Søkjarar som meiner dei har rett til plass under punkt 1 eller 2 må ha tilråding frå lege/psykolog, logoped, PPT, barnevernet og / eller sosiale medisinske institusjonar.

Om nødvendig kan ein fordele plassane med tanke på ei høveleg aldersfordeling. Born på avdeling 0-3 år kan bli flytta over til avdeling for større born om situasjonen tilseier det. Alle som har barnehageplass får behalde plassen til dei startar på skulen om føresette ynskjer det.  
          
Søkjarar som har fått barnehageplass pliktar å melde frå om endringar av opplysningar gjeve på søknadsskjema.

HOVUDOPPTAK: 1. MARS

Suppleringsopptak vert gjort fortløpande.

 

§ 5.  FORELDREBETALING / OPPSEIING AV BARNEHAGEPLASS

Betalingssatsane vert bestemt i styret for SiVolda.

Det er ikkje høve til friplassar.

Barnehagen har syskenmoderasjon.

Ved tildeling av plassar skal det betalast for ein heil månad dersom barnet får plass før den 15. i månaden.  Får ein plass etter den 15. i månaden, skal ein betale berre for halv månad.  Det vert ikkje fråtrekk for fråvær, heller ikkje for dei dagane barnehagen har stengd p.g.a. ferie.  Betalinga skal skje innan den 20. i kvar månad.  Juli månad er betalingsfri.

Ved uteståande foreldrebetaling kan ein misse plassen dersom betaling ikkje skjer innan 14 dagar etter 1. gongs varsel. Dei som er skyldig betaling for barnehageplass vil ikkje verte tildelt barnehageplass ved seinare opptak.

Foreldra kan seie opp plassen med ein månads varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad, til og med februar.  Ved oppseiing etter 1. mars gjeld ikkje denne regelen.  Då må ein betale ut juni månad. 

Plassen skal seiast opp skriftleg.

Det vert ikkje gjeve fritak for foreldrebetaling i praksisperiodar.


§ 6.  TILVENNING

Når eit barn byrjar i barnehagen, skal nærmaste føresette eller andre som barnet er knytt til, vere hjå barnet til det finn seg til rette i barnehagen.


§ 7.  SJUKDOM

Sjuke born må ikkje møte i barnehagen.  Med sjuke born meiner ein born med m.a. feber, omgangssjuke, utslett eller andre sjukdomar som gjer at barnet ikkje kan vere ute eller må ha ro. 

Vert eit barn borte frå barnehagen p.g.a. sjukdom eller andre grunnar, må det meldast frå til styrar eller pedagogisk leiar snarast råd.


§ 8.  LEIKER

Barnehagen held leiker og leikeutstyr.  Private leiker som borna tek med i barnehagen, er barnehagen ikkje ansvarleg for.


§ 9.  MAT - KLEDE

Foreldra får opplysningar ved oppstart når det gjeld matservering og betaling for denne.
Borna må ha praktisk tøy tilpassa inne - og utebruk.  Ekstra klesskift bør ligge i barnehagen etter behov, og kleda må vere merka med barnet sitt namn.  Eigar av barnehagen er ikkje ansvarleg for klede som kjem bort i barnehagen.
 

§ 10.  OPNINGSTIDER / STENGINGSTIDER

Røysmarka studentbarnehage har opningstid frå kl. 07.30  - kl. 16.30 måndag -fredag.
Barnehagen har stengd 4 veker om sommaren: veke 27, 28, 29 og 30.
Nytt barnehageår startar i veke 32.  
Barnehagen har ope i veke 31 for barn som skal fortsette.
Barnehagen har stengd onsdag før skjærtorsdag og  jul - og nyttårsaftan. 

Personalet skal ha 5 planleggingsdagar fordelt på eit barnehageår då barnehagen vil vere stengd.
Foreldra vil i god tid få beskjed om desse.


§ 11.  LEIKE- OG OPPHALDSAREAL

Norma for leike- og opphaldsareal er etter departementet si rettleiande norm sett til 4 kvm. pr. born over 3 år, og 5,5 kvm. pr. born under 3 år.

 
§ 12.  DUGNAD

Foreldra / føresette må gjerast merksam på at dei vil bli kalla inn til dugnad på uteleikeplassområdet eller i barnehagelokala. 


§ 13.  INTERNKONTROLL

Styraren i barnehagen er ansvarleg for oppfølging av internkontrollrutinar i sin barnehage.  Kvar barnehage skal arbeide ut  rutinar  for å sikre ein god kvalitet på barnehagetilbodet og for å hindre at borna vert utsett for ulykker  i barnehagetida.


§ 14.  POLITIATTEST

Tilsette i barnehagen skal ha framlagt politiattest (Lov om barnehagar § 19).


§ 15.  TEIEPLIKT

For all verksemd innan barnehagesektoren gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova §§ 13 til 13f; tilsvarande.