OPNINGSTID

kl.07.30 – kl.16.30
Borna skal vere henta til kl. 16.30.
Etter avtale kan vi drøfte utvida opningstid på eksamensdagar.

FRAMMØTE

Dei fleste fellesaktivitetane skjer i tidsrommet kl. 10.00 – kl. 14.00.
Meld ifrå tidlegast råd om barnet kjem etter 09.30, er sjukt eller har fri.

HENTING

Vi vil gjerne ha melding om kven som hentar barnet, viss det ikkje er foreldra/føresette.

MÅLTID

Frukost: 08.30 – 09.00. Borna kan, om dei vil, ha med sunn matpakke til frukost (mjølk får dei).
Formiddagsmat: kl. 10.30-11.00 – borna får varmt måltid 1-2 gongar i veka. Elles får dei brødmat, pålegg, gryn, grønsaker og frukt.
Ettermiddagsmat.: kl. 14.00 – brødmåltid/kornblanding, mjølk, og frukt.
Andre avtalar for måltid kan gjelde for avdelingane.

FØDSELSDAG

Vi feirar borna med krone, flagg og fødselsdagssong. Foreldra treng ikkje ha med noko ekstra. Barna får velje sjølv frå ein «bursdagsmeny». Dette er is, smoothie, fruktspyd/fruktsalat eller grove
vafler.

KLE

Sjå eiga utstyrsliste. Borna må ha minst eit fullstendig klesskift i barnehagen (avdelingane har korger/hyller du kan legge kleda oppi). Pass på å etterfylle.
Ta med kle til utebruk kvar dag. Inne bør borna ha tøflar/innesko eller anti-sklilestar. ALT av kle og utstyr skal MERKAST. Vi ber om at leiker ikkje blir tatt med i barnehagen, kosedyr til soving er sjølvsagt lov.
Kleda skal ikkje ha lange snorer som kan hekte seg fast.
Bleier syter foreldra for sjølve (helst ikkje trusebleier).

SOVING

Borna kan sove ute i eiga vogn. Ein må ta med myggnetting, sele, teppe/pose og regntrekk. Ta med smukk, flaske, kosebamse e.l. viss barnet brukar det. Alt skal vere merka i barnet sitt namn.

FORELDREBETALING

Studentsamskipnaden sender ut krav om foreldrebetaling og matpengar.
Foreldrebetaling haust 2023: Makspris: Kr. 3.000,- pr. mnd.
Informasjon om redusert foreldrebetaling finn du her
Søskenmoderasjon er 30% for barn nr. 2 og 50% for 3 eller fleire barn.
Matpengar: Kr. 372,- pr. mnd pr. barn, kjem i tillegg.

FØRESATTINFO

Hugs å oppdatere oss ved event. endring av adresse eller telefon. Gi beskjed om evt. praksisplass/arbeidsplass.

PEDAGOGISKE PLANAR

Årsplan blir levert ut ved starten på nytt barnehageår. Meir detaljert plan blir utlevert kvar
månad frå avdelingane.