Studentsamskipnaden i Volda driftar kantina på campus.

Kantina finn du på Berte Kanutte-huset, på dei andre bygga har vi plassert ut automatar med både kald og varm drikke, snacks, meieriprodukt, m.m.

Vi tilbyr sunn, trendy, tradisjonell og rimeleg mat.

Vi har fokus på å tilrettelegge for alle, uansett behov.

Treng du spesialtilpassa mat, er du f.eks veganer, eller har cøliaki har vi som mål å kunne tilby noko som passer akkurat for deg.

Vi serverer påsmurt brødmat og wraps, dagens suppe, salatbar, dagens varmrett og småretter i varmedisk. Vi har sjølvsagt også søtsaker og kaker til dei som liker det.

Kvar torsdag serverer vi tradisjonen tru potetball med kålrabi, pølse, bacon og saltkjøt. Vi er no tross alt på Sunnmøre ;)

Vi leverer catering til alle typar arrangement, både internt for høgskulen, men også til andre aktørar i nærmiljøet.

Vi tilpassar oss etter dine ønskje for å gjere arrangementet ditt best mogleg.

Ta kontakt med oss!

Opningstider:
BK:  mandag-onsdag kl.08.00-16.00, torsdag kl. 08.00-16.30, fredag kl.08.30-14.30.