Vi tenkjer miljø
Vi i høgskulekantina jobbar aktivt for å finne gode produkt og løysingar som er berekraftige og miljøvennlege.
Leverandørane våra er miljøsertifisert, og har produkt som er produsert på ein ansvarleg måte med fossilfrie råmaterialer, og som tar minst mogleg av naturen sine ressursar.
- Salat-/suppebeger som vi nyttar er komposterbare
- Eingangsbestikket er biobasert materiale
- Emballasjen til påsmurt brødmat er laga med minst mogleg plast
- Har du med eigen kopp får du lågare pris på filterkaffi. Dette for å oppfordre til mindre bruk av pappkopp
- Minst mogleg matsvinn
- Oppfordrar kunder til å sortere avfall
- Inne på kjøkkenet sorterast all emballasje og anna avfall