Korttidsleige
Leig ein hybel på døgnbasis på vår korttidsleige.
Vi har hyblar på Porse Studentheim og Heltne Studentheim.
Pris korttidsleige
Enkeltrom med delt bad: 470 kr per natt (student).
Enkeltrom med eige bad: 590 kr per natt (student).
Ikkje student? 200 kr ekstra per natt.
Sengetøy og handkle er inkludert i prisen. Gratis parkering. Studentar har også gratis WiFi.
Prisane gjeld frå 01.05.2025 og inkluderar vask av rommet etter opphaldet. Innsjekk frå 15:00 og utsjekk seinast 10:00 avreisedag.
Dei fleste hyblane på Porse B deler bad to og to, men vi har også 3 hyblar som har eige bad, og alle deler kjøkken med inntil sju andre.
På Heltne A har alle eige bad, og deler kjøkken med inntil ni andre.
Kjøkkenutstyr er tilgjengeleg, inkludert oppvaskmaskin og oppvasktablettar. Alle har eige kjøleskap.