Søk bustad hos SiVolda
![foto av Heltne studentheim, moderne bygg med bilar i framkant. foto av Heltne studentheim, moderne bygg med bilar i framkant.](https://www.sivolda.no/getfile.php/1315269-1639751981/Bilder/Studentboliger/Heltne%202/instabustad-2.jpg%20%28content%29.jpg)
Vi tilbyr bustadar for enkeltstudentar, par og barnefamiliar i Volda
Kven kan søke?
Alle som søker om å bli student eller er student ved Høgskulen i Volda kan søke bustad hos oss.
Korleis søker eg bustad?
Søk bustad her eller last ned appen vår SiVolda Bolig. Appen finn du både i iOS og Android.
Du bør krysse av for fleire alternativ då dette kan auke sjansane for å få tildelt bustad hos oss.
Kvar kan eg lese om dei ulike bustadane?
Du kan lese om dei ulike studentheimane ved å velge "oversikt bustader" i menyen. Du vil då finne ein kort presentasjon av alle bustadene våre i Volda. Sjå her for fullstendig informasjon.
Søknadsfrist
Vi har ikkje ein fast søknadsfrist. Tildeling skjer fortløpande. Det er lurt å søkje i god tid.
Kva om eg ikkje får studieplass i Volda frå hausten av?
Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel. Du kan seie frå deg bustaden du har fått tildelt seinast 31.juli. Det gjer du ved å kansellere akseptert kontrakt.
Kansellere akseptert kontrakt?
Les vilkår for kansellering av akseptert kontrakt. (PDF, 133KB)